Våre kjære medarbeidarar

Betjening

Medarbeidarar

I løpet av et år er det ca 30 forskjellige ungdomar som arbeider og bur på Gjendebu i kortare eller lengre periodar. Dei aller fleste blir hos oss over fleire sesongar, noko som vi set stor pris på.


Om du er interessert i jobb på Gjendebu, så send en søknad til oss på e-post. Vi treng ingen attestar eller referanser i utgangspunktet, berre ein presentasjon av deg sjølv og kva du kan og vil.


MEN: Det er mange som søker, og berre eit fåtal som kjem i betraktning. Så du må være forberedt på at du kan motta eit avslag på søknaden.


Dersom du føler at du bør søkje, men egentleg ikkje vil ha jobben: 


  • A: skryt uhemma av kor du ser fram til endelause solfylte dager i fjell og på tind (dette er ingen feriekoloni for betjening) 
  • B: legg ut om kor idiotisk den forrige arbeidsgjevaren din var. 
  • C: Få mora di til å ringe eller skrive søknaden for deg.


Olaf Feierfeil

Til minne om Olaf

Vår blide og gode kjøkkensjef døydde heime i Bochum 15.oktober.  Eg fekk gleda av å kjenne han i ca 20 år, først som turist, så stamgjest, så god venn og hjelper.  Til slutt avslørte han at han hadde kjøkkenerfaring frå studietida, og vips så vart han hardtarbeidande kjøkkensjef på Gjendebu.


Olaf presenterte seg gjerne som «Tysker-Olaf, det var eg som tapte krigen».  Han var med på å legge ut bruer i fjellheimen før sesongåpning, og påstod at det var et ledd i «reparation work» fordi tyskarane ødela så mange bruer i Norge i 40-åra.

Les meir