Logo
Til DNT.no forside

Ofte stilte spørsmål til Gjendebu

Før du sender oss e-post, kanskje finner du svar på ditt spørsmål her:

Publisert: 24. august 2023
Om DNT

Kan vi betale med kort?
Ja. Gjendebu aksepterer alle vanlege debet- og kreditkort. Vi kan også sende faktura til grupper og når dette ellers er avtalt i forkant.

Mat: spesialdietter
Vi serverer kvar dag forskjellige spesialdietter til middag: Vegetar, vegan, glutenfritt, laktosefritt osv. Det er viktig at du passer på å gi beskjed om slikt ved innsjekk (vi spør som regel om det) sjølv om du har markert for det ved online-booking.

Er det mulig å bestille overnattingsplass?
Ja. Det beste er hvis du bestiller online. Måltid og anna bestiller du ved innsjekking.

Grupper
Viss du skal besøke oss med ei gruppe er det flott om du kontakter oss på epost slik at betingelsar, romfordeling mm kan avtalast spesielt for di gruppe.

Bryllup/arrangement
Vi er ofte vertskap for bryllup og forskjellige firmaturer, bursdagsmarkeringar osv. Ta kontakt på epost for å få et tilbod og råd om tilreise og korleis arrangementet ditt kan gjennomførast!

Kan eg ta med hunden?
Ja. Hunder er velkomne på Gjendebu. Vi har egne hunderom i et anneks. Hvis du bestiller online så er det rom 31-34 i «Haugestua».  Husk at det er streng båndtvang i heile nasjonalparken!

Sjølvbetjeningshytte
Når den betjente hytta er stengt står sjølvbetjeningshytta (Utsikten+Haugestua) åpen. Der er 34 sengeplasser og du finn mat, gass og ved der. I Haugestua kan du ta med hund på rommet.

Teltplass
Vi har ca 30 markerte teltplasser mellom Gjendebu og brygga. Du kan velge ein ledig plass og deretter sjekke inn i resepsjonen. Hos oss er teltgjester like velkomne som alle andre gjester.

Kjøkken
Gjendebu har ikkje kjøkken som er tilgjengelig for gjester. Viss du vil tilberede din egen mat må du ha med komplett kokeutstyr. Vi har laga eit stort overbygd bord på teltplassen der matlaging kan foregå. Koking innendørs, eller nær inntil husvegger utendørs, er forbudt.

Tilrettelegging for rørslehemma
Gjendebu er dessverre ikkje særleg godt tilrettelagt for rullestol. Med en assistent eller to vil du likevel klare deg hos oss, med ein lett manuell rullestol. Vi strekker oss langt for å gjere det muleg for deg å besøke oss!

Hittegods
Det er menneskeleg å gløyme igjen ting og tang av og til. Du sender oss en epost med beskrivelse av det du saknar + postadresse. Hvis vi finn tingen sender vi den i posten ved første andledning. Du vil bli oppmoda om å betale portoen, men vi sender ikkje i oppkrav. Hvis vi ikkje finn tingen tar vi vare på eposten din i arkivet vårt. Det er utruleg kva som kan dukke opp igjen etter lang tid.

Ka tid kjem båten?
2 gongar dagleg, og alltid med ekstraturar når det er nødvendig. Du blir ikkje ståande att på kaia uten transport dersom du har møtt fram før rute-avgang. Men det kan ta eit par timar venting. Det er smart å forhåndsbestille båtturen. Sjå www.gjende.no .

Wifi? Mobildekning? 
Du kan få inn sms her og der. Går du opp på toppane får du 4G. På hytta har vi begrensa kapasitet via satellitt. Den må vi ha til driftsfunksjoner. Vi har masse brettspel…

Bussen til Oslo?
Då må du ta båt til Gjendesheim eller gå til Fondsbu eller Leirvassbu. Sjå egen side for kollektivtrafikk.

Kan du kjøre meg til Gjendesheim?
(sommer og vinter).  Vårt vesle bidrag til miljøet og til naturopplevelsar av høg kvalitet, er at vi køyrer så lite med snøscooter og båt som muleg, i nasjonalparken.  Vi har heller ikkje tillatelse til å transportere gjester, og egen motorbåt har vi ikkje lenger.

Når er det frukost?
07.30 – 09.30. I utkanten av sesongen på dager det ikkje er båtrute om morgonen: 08.00 – 10.00.

Når kan vi få middag?
Vanlegvis 1.bordsetjing kl. 18.30, 2.bordsetjing kl 20.30, og middagsserveringa varer til alle har fått mat.

Er hytta åpen heile året?
Nei, berre i påska og ca frå st.Hans til litt ut i oktober.

Har du sett værmeldinga?
Du finn alltid ei fersk yr-melding i resepsjonen, på papir eller skjerm.

Kor mykje vatn må eg ha med i sekken?
Svært utbredt spørsmål frå utlendingar. Svar: Vanlegvis ingenting - evt. ei halvliterflaske i handa til å drikke av.

Kor lang tid brukar eg til ...
Vi veit ikkje - for det er litt avhengig av kor fort du går! Mange tar dei normerte gangtidene på kartet som ein fasit, men du skal berre bruke akkurat så lang tid at du kosar deg! (+pauser!)

Kvar kjem elektrisiteten frå?
Vi har dieselaggregat på ca. 50 KW. Spillvarme frå aggregatet blir utnytta som energi til varmtvatn og oppvarming..

Er det skikkeleg Hansa-øl?
Ja. Vi har også mange typer lokaløl frå Små Vesen i Valdres. På grunn av miljøet vil vi gjerne at du held deg til øl frå tapp, det kjem på gjenbruksemballasje.

Kor mykje diesel brukar de?
5-7 liter pr time - 18.000 liter pr år. Vårt energiforbruk pr gjest er omlag 20% av det som er vanleg for et hotell, eller ca 13 kWh pr overnatting. Vi ser som eit realistisk mål å få det ned mot 10 kWh.

Kva gjer de med avfallet?
Pappemballasje blir brent saman med ved for produksjon av varmtvatn. Øvrig avfall blir kildesortert og returnert til kommunale mottak. Kloakk blir sendt til slambil på Gjendesheim med spesiallekter. Vi er opptatt av at Gjendebu ikkje skal belaste miljøet i nærområdet i unødvendig grad.

​​​​​​​Bur de her heile året?
Nei.  Stort sett berre i sesongane og dei fleste jobber kun deler av sesong, 2 veker - 3 mnd.

Kva gjer de resten av året?
Betjeninga er stort sett studentar, og vi er så heldige at dei fleste kjem tilbake år etter år.  Lars Åge øver til pensjonsittilværelsen men er halvstudert kontorist av og til.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem