MINNEORD TIL OLAF FEIERFEIL

Vår blide og gode kjøkkensjef døydde heime i Bochum 15. oktober.  Eg fekk gleda av å kjenne han i ca 20 år, først som turist, så stamgjest, så god venn og hjelper.  Til slutt avslørte han at han hadde kjøkkenerfaring frå studietida, og vips så vart han hardtarbeidande kjøkkensjef på Gjendebu.


Olaf presenterte seg gjerne som «Tysker-Olaf, det var eg som tapte krigen».  Han var med på å legge ut bruer i fjellheimen før sesongåpning, og påstod at det var et ledd i «reparation work» fordi tyskarane ødela så mange bruer i Norge i 40-åra.


Han spelte lenge i band, og ukulelen han hadde med til Gjendebu var det kjæraste han eigde.  Den brukte han gjerne til å akkompagnere seg sjølv når han song sin eigen favoritt, «The Pussy Song». Sist september gjekk det så langt at han song den for Universal Music Norway på Gjendebu, på jakt etter platekontrakt.


Han hadde sin første haiketur i Norge som 16-åring, og vart etter kvart ein ekte norgesvenn som var i Norge kvart einaste år.  Han hadde til og med norsk kjæreste i en periode.


Olaf var opprinneleg tekstskriver, etter kvart med eget reklamefirma i Tyskland.  Han gjekk nok lei av det etter kvart, men humoren og fantasien som trengs i den jobben hadde han alltid med seg.  Vi kunne sitte og prate vrøvl og tøve i timesvis, ofte til fortvilelse for dei som måtte høyre på.


UPS (Ltd)

Hans kongstanke var å etablere firmaet UPS Ltd (Unlimited Stupid Products Limited). Forretningsideen var å finne opp fantastisk idiotiske produkt for så å selge konseptet til godtruande investorar.  Pengane som kom inn skulle brukast til styrearbeid, med overdådige styremøter på dyre plassar rundt omkring i verda.  Det vart naturlegvis berre med prat denne gongen også, men en del av produktkonsepta var ganske ferdig utvikla:


MUDSTONES

I fjellet er det ofte sølete stiar så fjellskoa blir møkkete og turistvertar og heimeværande fruer blir forbanna når ein kjem i hus. Viss ein kan hoppe frå stein til stein kan ein halde seg tørr og rein. Du tar to steiner, 5-20 kg, borar inn ein augebolt som du fester ei ca 1 meter lang elastisk stropp i.  På den eine skriv du ein «L» (left) og ein «R» på den andre.  For sikkerhets skuld kan du i same slengen måle ein raud T på kvar stein. Du tar med steinane på tur og svinger fram en stein som du kan trakke på, deretter den andre osv.  Ein interessant bieffekt er at du alltid går trygt på merka sti i og med at du bringer T-merka med deg.


No er det ganske tungt arbeid å labbe rundt i Jotunheimen og samle stein.  Grunnkonseptet er derfor byggesett, der kunden får bolt og stropper og måling, og så kan hente steinane sjølv (sjølvplukk). Prisen er høg, og aukar proporsjonalt med vekta på steinane.  («If they buy this, they are stupid enough to pay whatever we ask”) 


KUSPRAY

I tillegg til mudstones er dette et epokegjerande turutstyr:  Vi tar spraybokser med innhold og limer på nye truverdige etiketter.  Hvis du er utrygg i møte med kyr sprayar du kleda dine før du går ut i byen.  For dette er naturlegvis et produkt berekna på sentrale strøk i dei store metropolane.  Testsalg var planlagt i London og på Manhattan  (produktet er forbudt i India!)

«Did you see any cows today?”

“Nope”

“There you see:  it works!”


LAMINERT FLATBRØD

Produksjonsprosessen er like enkel som genial:  Du tar et flak Mors Flatbrød og sender gjennom lamineringsmaskina.  Vips så har du knasande sprøtt flatbrød på turen, sjølv på regntunge dagar. Du kan nyte det til sol eller ved sida av sild eller spekemat, og emballasjen kan brukast til regnbeskyttelse.


REAL-TIME-TALEMELDINGAR

Eit tilbod til ungdommen.  (som erstatning for den tidlegare «telefonsamtale» som enkelte gamliser fortsatt brukar)  Kvar er du, Idar Vollvik?


Olaf var også svært fasinert av Facebook og andre s.k. sosiale medier: « I am so glad they invented Facebook!  Now I don’t have to call all my 582 friends to inform them I had lunch at McDonald’s today!”


Hvis du har gidda å lese heilt ned hit har du kanskje fått eit litt «rart» inntrykk av Olaf.  Du er ikkje akkurat på villspor då.


Olaf Feierfeil var rar, klok, reflektert og med ein djup og ekte sans for humor.  I tillegg hadde han ekte omsorg for folk rundt seg.  Ein av dei flottaste personlegheitene eg nokon sinne har møtt.


Det var synd det tok slutt så tidleg.


Tusen takk for alle latterkuler, seriøse og useriøse diskusjoner, livsvisdom og vennskap.  Vi er mange som vil huske deg.


Kvil i fred.


Lars Åge